19 mai 20:00
Laurdagspils med Are Kalvø
29 mai 09:00
Frokost med Frank: Noen har snakket sammen
Øystein Kobbeltveit
Ingerid S. Straume
Doktorgrad i pedagogisk filosofi
Karl Georg Høyer
tidlegare leiar av Aksjon mot Atomkraft og Professor, HiO
Ingrid Rønning Strand
Sentralstyremedlem, Natur og Ungdom
Klimapanelet til Dei sameinte nasjonar sin rapport representerer den største konsensusen blant forskarar nokon gong. Noko må gjerast, og det fort. Kvifor er det så vanskeleg å skapa politisk engasjement rundt den største utfordringa menneskeslekta står andsynes?
På 1970-talet klarde Aksjon mot Atomkraft (AMA), med Karl Georg Høyer i spissen, å stoppa NVE sine planar for å byggja atomkraftverk i Noreg. AMA mobiliserte så mange at Arbeidarpartiet og Høgre ikkje våga anna enn å stemma ned forslaget i Stortinget. Dette er ein av dei få politiske miljøaksjonane som lukkast i å få Stortinget til å snu. Men kva var eigentleg så annleis med 70-åra?
I dag står vi andsynes den kanskje største utfordringa menneska har møtt, og ein skulle tru at det skulle vera ei lett sak å mobilisera ungdom og studentar til å engasjera seg for klimasaka. Er det eigentleg det? Ingrid Rønning Strand frå Natur og Ungdom kjem for å snakka om korleis dei oppfattar det politiske engasjementet blant unge i dag.
Ingerid S. Straume hevdar filosofen Cornelius Castoriadis kan gje oss ei innsikt i kvifor det er så vanskeleg å mobilisera til samfunnsendring i dag. Castoriadis har formulert ein politisk filosofi som unngår den velkjende motsetjinga mellom individet og fellesskapet sine interesser. Tenkinga hans gjev eit filosofisk innhald til slagordet «Ei anna verd er mogleg!».
(foto: Bellona)