19 mai 20:00
Laurdagspils med Are Kalvø
29 mai 09:00
Frokost med Frank: Noen har snakket sammen
Are Kalvø
Are Kalvø er attende i Studentersamfunnet, denne gongen for å hylle folk som likar å vere saman med andre folk.
Vi er meir enn gode nok i dette landet til å hylle folk som går åleine til polpunkt, folk som bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og andre som går langt for å sleppe å ha noko med andre menneske å gjere, slår Are Kalvø fast. Han legg til at tida no er inne for å hylle dei som gjer det motsette: Folk som trivst saman med andre folk. Gjerne saman med mange andre folk.
Han vil hylle dei store anledningane, dei store folkemengdene, dei store hendingane. Dei store festane der folk går bananas, tek på seg rare hattar, klemmer framande og gjer ting dei elles aldri ville finne på å gjere. Fordi folk er på sitt raraste, finaste, beste og mest morosame når dei er saman med andre folk. Folk er i det heile tatt ikkje så ille som folk vil ha det til.
Kalvø er ein av landets femti artigaste sunnmøringar. I fleire år har Kalvø kritisert samfunnet på scena, i radioprogram, avisartiklar og bøker, utan at samfunnet ser ut til å ha tatt nemneverdig skade av det. Men av og til er Kalvø korkje samfunnskritisk, sarkastisk eller satirisk. Av og til er det berre tull og tøys. Velkommen til Helhus med Are Kalvø på Kvarteret!