Å velje å døy ung

Å velje å døy ung

Dato:

Tirsdag 25. Oktober 2011

Tid:

19:00

Google Calendar | iCal

Komite:

Upop

Møteleder:

David Osdal  

Innledere:

Tove Flack kan desverre ikke komme
Forskar, Senter for åtferdsforskning, UiS
Arne Thorvik
Lege og PhD, institutt for medisisnke fag, UiO

Del:

Tove Flack er dessverre hindret fra å delta på møtet i dag. Møtet fortsetter som planlagt med Arne Thorvik.

Dei siste føri åra har det vore ein markant auke i sjølvmord blant unge under 24 år. Kva er det som gjer at unge mennsker ser døden som siste utveg? Se vår Facebookevent

Sjølvmord er eit sårt og vanskeleg tema. Årsakene til at folk velg å ta sitt eige liv kan vera mange, men blant unge viser det seg at mobbing ofte er ein utløysande faktor. Det er ei brei semje om at det er ein årsakssamanheng mellom mobbing og depresjon, og mellom depresjon og mobbing. Kva slags tiltak må til for å hindra at mobbing får det verst tenkelege utfallet?

I media synast det å vera ein konsensus om at sjølvmord ikkje skal omtalast, i frykt for smitteeffekt. Er denne frykta reell, eller kan det å trekkje sjølvmord fram i lyset bidra til å snu den negative utviklinga?

Tove Flack er forskar ved Senter for atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger, og har utvikla eit verktøy som skal bidra til å motverke mobbing i skulen. Ho vil snakke om ein av dei viktigaste grunnane til at unge velg å ta livet sitt.  I tillegg kjem Arne Thorvik som har skrive doktor avhandlinga Suicid som etisk fenomen. Møtet arrangeras i samarbeid med Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF). I forkant av møtet viser me den amerikanske dokumentarfilmen The Bully Project som på ein brutal måte skildrar mobbing i den amerikanske skulen.